Vassendgutane i Braatthallen

Arrangementsinformasjon

VASSENDGUTANE, ORIGINALEN AV FESTCOUNTRY!


I 1996 samla 6 unge friske karar seg på Ungdomshuset i Åmdalen i Ørsta til den fyrste øvinga i

Vassendgutane si tidsreise.


Etter ei tid med mange øvingar med sjølvaste Teddy Nelson som motivator kom fleire nye låtar til,

som karane sjøle laga. Etter som tida gjekk fekk Vassendgutane stadig spørsmål om kva stilart

musikk dei spela? Slik blei varemerket “Fest-country” laga. Og dette blei slagordet om stilen til

Vassendgutane.


Sidan den tid, kan ein trygt seie at ting har hatt den rette utviklinga. Andre nyttar også i dag stilarten

Fest-country, og det er kjekt seier karane i Vassendgutane. I 2021 er Vassendgutane blitt ei

merkevare, og det leiande bandet i Norge i dette segmentet. Bandet opptrer over heile vårt

vidstrakte land til glede både for seg sjølve og eit lojalt trufast publikum.


I år er det 25 år sidan Vassendgutane blei stifta, og i skrivande stund er bandet i ferd med å legge

bak seg Covidpandemi og ser fram til mange konsertar i jubileumsfeiringa.


Bandet:

Alf Rune Melby (Steelgitar)

Ernst O. Brune (Trekkspill)

Arthur J. Bjørdal (Vokal og gitar)

Kim Lillestøl (Trommer)

Sindre Aam (Vokal og bass)

Rune S. Brautaset (Vokal og gitar)

Frank Utgård (El-gitar)

vassendgutane
countryrock
braatthallen
kristiansund
romjul

Restriksjoner

18 års aldersgrense
Billetten skannes ved inngang, du kan skrive ut billetten på papir, ta med mobil med QR-kode eller oppgi referansekode.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpe billetter refunderes ikke